Sidan det skjedde med meg for ei kort stund sidan
tenkte eg at eg skulle ta opp temaet;
Hjartesorg. Den store H'en i livet som ingen
eigentlig ønskjer å kjenne.
Eg skal ærlig innrømma at det svir. Det gjer vondt inni
meg, ei smerte eg hadde gløymd og fortrengd sidan sist
det skjedde. Ingenting enkelt i det heile tatt, men ein
må bærre komme seg videre, eller i alle tilfelle - prøva.
No er eg i ein litt spesiell situasjon, men ein må bærre
prøva å gjere det beste ut av dei korta man har blitt tildelt.
Eg kom til å tenkje på noko; sidan eg er så inn i musikk som
det eg er har eg gjennom månge år hatt ei "topp-10" liste.
Ein idé eg stjal frå ein av mine favorittfilmar: High Fidelity.
Der har dei heile tida topp-5/topp-10 lister basert på ein spesiell
følelse eller situasjon dei har akkurat der og då. I øyeblikket.
Eg har óg slike lister. Nett no passar det med topp-15 lista
mi med "Break Up Situation Songs". Dykk kan vera einige eller ueinige.
Eg utfordrar dykk gjerne til å legge til dykkar eigne lister om dykk har
slikt i kommentar-feltet på botn...
15: Damien Rice - 9 Crimes - Denne songen er fantastisk
Favorittstrofe: "It's a small crime and I've got no excuse..."
14: Thomas Dybdahl - A Lovestory - Høgdepunkt:
Har du sett musikkvideoen?
Denne songen vart laga til filmen "Monstertorsdag". I introen av musikkvideoen
er det henta eit par scener frå filmen. Når Vegard Hoel som spelar hovudrolla i
står og kikkar på Silje Salomonsen, den andre hovudrolla, medan
ho prøvar kjolar, høggravid som ho e, og seier "DU e fine.."
13: Anberlin - Naive Orleans - Favorittstrofe:
"And I've finally found that life goes on without you
and my world still turns when you're not around..."
12: Magnet - Nothing Hurts Now - Magneten frå Bergen er
ein av eit par norske som får plass på mi topp-15 liste. Eg hugsar
fortsatt kva eg gjorde og kor eg var første gong eg høyrde
denne songen. Fantastisk...
11: Number One Fan - Sorry - Henta frå ei av mine
absolutte favorittplater "Compromises". Favorittstrofe:
"Don't play with me, I'm as hurt as they come - Do away with me,
I haven't had fun since we broke up..."
10: Paramore - When It Rains - Favorittstrofe:
"And when it rains on this side of town it touches everything"
09: Popface - Teardropper - Stavangerband som eg elskar.
Hugsar første gong eg høyrde denne songen, eg var solgt.
Takk Kristin :-)
08: Ryan Adams - La Cienga Just Smiled - Strofa:
"And I hold you close in the back of my mind;
Feels so good, but damn it makes me hurt", seier alt...
07: U2 - With Or Without You - Denne songen skal med
uansett! Treng ingen grunngjeving.
06: John Mayer - Slow Dancing In A Burning Room -
Han har så månge bra songar, men denne måtte med.
"We're going down and you know that we're doomed"
05: Madrugada - Majesty - Fantastisk stemme,
fantastisk band, fantastisk sang...
04: A-ha - Stay On These Roads - Det samme
kan seiast om den her. Fantastisk!!
03: Death Cab For Cutie - What Sarah Said - Videoen
er mildt sagt fantastisk om ein skjøner den. Kva den går ut på
Pm ein kan litt fransk blir den enda betre.
"And I'm thinking of what Sarah said; That love is watching
someone die so who's gonna watch you die..?" <-- Poesi, rein poesi
Videoen finn du på youtube.com og eg anbefalar at du ser den omgåande.
02: Jeff Buckley - Lover, You Should Have Come Over - Jeff døydde
desverre so alt for tidleg, men denne songen er nok min absolutte
favoritt frå denne herremannen. Heile songen er nok til at det kan gå
kaldt ned over ryggen på deg, fantastisk stemme, fantastisk oppsett.
Om du ikkje har denne songen bør du skaffe deg denne snarast.
01: The Smiths - I Know It's Over - Eg har vore ein veldig
stor The Smiths/Morrissey fan i ganske månge år no og musikken
er fortsatt fantastisk for meg. Men når det kjem til kjærleikssongar, eller
mangel på det i ordets rette forstand, er det nok den sangen her som havnar
på førsteplass på mi liste. Eg hugsar ein gong at eg las om ein engelsk radio-
kanal som hadde hatt ei liknande konkurranse der dei inviterte med seg lytterane
sine til å kåre "Top Ten Break-Up Songs Of All Time". Overraskande
for månge og ein kvar kom denne sangen ut som #1. Ein lyttar fortalde blant
anna at etter at kona hanna forlot han og han var på nippet til å ta livet sitt,
kom plutseleg denne songen på ifrå radioen i stua hans. Han fortalde at
det føltest ut som at det var to hender som la seg rundt han og gav ham varme.
Sterke ord og ein sterk song. Åpningsstrofa "Oh Mother, I can feel the
soil falling over my head", fortel vel det meste. Unik sang. Min #1.
Kva er di liste?






